Regjeringa vil bruka mindre oljepengar til neste år

Innanfor handlingsregelen: Oljepengebruken innanfor den såkalla handlingsregelen på tre prosent. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix / NPK

Regjeringa legg opp til å bruke 322,4 oljemilliardar neste år. Det er 84,4 milliardar kroner mindre enn i år.

– Bruken av oljepengar i 2022 er anslått til 322,4 mrd. kroner, målt ved det strukturelle oljekorrigerte budsjettunderskotet, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Det svarer til 2,6 prosent av oljefondet ved inngangen til året, ned frå 3,6 prosent i år. Dermed er oljepengebruken innanfor den såkalla handlingsregelen på tre prosent.

– Gjenopninga av samfunnet har gitt høg fart i norsk økonomi. Den økonomiske krisa er no i all hovudsak over, og store delar av næringslivet ventar høg vekst framover, skriv Finansdepartementet.