Uheldige konsekvensar: – Vi har lytta til mange innspel både for og imot avlysing, nettopp fordi denne avgjerda har uheldige konsekvensar for både elevar og studentar, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Regjeringa avlyser alle skriftlege eksamenar. Slik forklarer dei avgjerda

Alle skriftlige eksamenar vert avlyste for elevar i ungdomsskulen og videregåande opplæring.

Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding måndag.

Munnleg eksamen vert avlyst for elevane på vg1 og vg2, men vert gjennomførd for avgangselevane på 10. trinn og vg3.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi skulle veldig gjerne ha gjennomført alle eksamenar som planlagt. Det har vore til dels svært ulikt tilbod om opplæring for elevane dette skuleåret, noko som gjev eit ulikt vurderingsgrunnlag. Ein felles og lik skriftleg eksamen er difor ikkje lenger ei eigna prøving av kva elevane har lært, meiner kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.

Privatistar og elevar med behov for eksamen for å få vitnemål, gjennomfører eksamen som normalt, medan munnleg-praktisk og praktiske eksamenar vert avlyste for alle elevar, opplyser departementet.

– Vi har lytta til mange innspel både for og imot avlysing, nettopp fordi denne avgjerda har uheldige konsekvensar for både elevar og studentar, seier Melby.

No skal regjeringa sjå vidare på om det finst andre alternativ for korleis standpunktkarakterane kan forsterkast, for eksempel med ei form for ekstern vurdering.

Standpunktkarakterar for alle fag der det ikkje er munnleg eksamen, vert sette i veke 23.

– Det er viktig for meg å understreka at elevane som får avlyst eksamen, får vitnemål med standpunktkarakterar som dei kan søkja vidare studium med. Nå får elevane og lærarane meir føreseielege rammer og kan betre bruka tida fram mot sommaren, seier Melby.