Brr! Slik var vêret på ein tidlegare bryggedans i juni månad. (Arkivfoto)
Brr! Slik var vêret på ein tidlegare bryggedans i juni månad. (Arkivfoto)

Regn i vente

Søndag kveld kan bli våt, og deretter synk temperaturen.

Etter nokre eventyrlege veker med finevêr, ser det ut til å vera over for denne gong.

– Det blir fint vêr nokre dagar til, men søndag kveld og natt til mandag er det muligheit for nedbør, fortel vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Lars Andreas Feldberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kjem det til å hølja ned slik at skogbrannfaren vert avblåst?

– Nei, for det er uansett ikkje snakk om store mengder. For å oppheva skogbrannfaren, treng vi jamn nedbør over fleire dagar, seier han.

Frå mandag av vil temperaturen ligga på rundt 15 grader. Slik prognosane ser ut no, aukar også faren for regn etter kvart som vi nærmar oss neste helg, seier Feldberg.

Er finvêret oppbrukt?

– Vi pessimistiske vestlendingar kan fort tenkja at finvêret no er brukt opp for resten av sommaren?

– Hehe, det er ikkje sånn det fungerer. Det er absolutt mulig at vi får meir fint vêr. Men Vestlandet ligg no ein gong midt i den typisk bana for lågtrykk frå Atlanterhavet.

Meteorologen har likevel ein oppmuntrande melding å koma med til slutt.

– Dei meir erfarne meteorologane her på huset kan fortelja at ein lang periode med godt vêr gjer det meir truleg at vi får nye godvêrsperiodar seinare i sommar.

Puh!

Artikkelen held fram under annonsen.

anne-marie@osogfusa.no