Julekorg-gest: På brannstasjonen på Moberg var det Martin Østgulen Svendsen og Ana Monica Johnsen som tok imot korga og helsinga.

Reiste rundt med julehelsingar til dei som er på vakt medan andre har ferie

Tysdag var SOS Bjørnafjorden ute med ei lita julehelsing til blålysetatane og andre som fortener litt ros og kos i jula.

– Me bestemte oss tidleg for at me også skulle ha nokre julekorger til dei som jobbar og står på medan andre har ferie i jula, fortel Kenneth Carlson i SOS Bjørnafjorden.

Tysdag tok han og kollega Charlotte Hæggernes ein runde for å dela ut litt ros og julekos til blålysetatane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tok imot: Atle Birkeland tok imot på politistasjonen.

– Me hadde med julekorger til politiet, brannvesenet, legevakta og til Sparebanken Vest.

Julehelsinga fall naturleg nok i god jord.

Fungerande brannsjef Erik Walden synest gesten var svært hyggjeleg.

– Eg synest det veldig flott at dei tenkjer på oss som er på jobb medan mange andre har fri. Innhaldet i julekorga skal alle på stasjonen få glede av, seier Walden.

Han legg til at dei i snitt vil vera kring seks tilsette på vakt kvar dag i jula.

– På dei raude dagane er det meir bakvakt som gjeld, men me skal passa på og vera på «allerten» om noko skulle skje, lovar Walden.