Korona Fusa: N/A

Rekordmange nye smittetilfelle. Kommunen varslar pressebrief

Åtte personar fekk påvist covid-19 i Bjørnafjorden kommune i går, 4. januar.

I same husstand:

Ei kvinne i 40-åra, smitta av nærkontakt i annan kommune.

Ein gut på 12 år, smitta av nærkontakt i annan kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

I same husstand:

Ei jente på 7 år, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.

Ein gut på 5 år, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.

Andre:

Ei kvinne i 30-åra. Her er smitte påvist i samband med innreise frå utlandet.

Ein mann i 40-åra. Også her er smitte påvist i samband med innreise frå utlandet.

Ei kvinne i 60-åra, smitta av nærkontakt i Bjørnafjorden kommune.

Ei jente på 16 år. Smittevegen er kjend.

Pressebrief

Kommunen varslar ein pressebrief kl. 11.15 i dag der ordførar Trine Lindborg og kommuneoverlege Klaus Melf vil orientera om status for smittesituasjonen og testkapasitet.

Kommunen sin pressebrief ser du her.

Artikkelen held fram under annonsen.