Fredrik Tyborg (17), Benjamin Harkestad (17) og Maria Grindevik (19) er blant elevane som fekk plass på attraktive Os VGS.
Fredrik Tyborg (17), Benjamin Harkestad (17) og Maria Grindevik (19) er blant elevane som fekk plass på attraktive Os VGS.

Rekordmange søkjarar til Os VGS

Medan Os gymnas slit med søkjartala, er situasjonen den stikk motsette på den andre vidaregåande skulen i bygda. Rektor trur han veit årsaka til dei gode tala.

Som Os og Fusapostenskreiv sist veke, har søkjartalet gått kraftig ned ved Os gymnas. Medan prognosen på same tid i 2017 viste 255 søkjarar, er det i år berre 212 elevar som så langt har vist si interesse. Men ved Os vidaregåande skule viser prognosen ei tilsvarande auke. Med heile 674 søkjarar (+32 i høve til fjorårets prognose) har ikkje rektor Johan Henrik Lassen plass til alle.

– Me har berre 490 tilgjengelege plassar, så det blir ikkje mogleg å seia ja til alle, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trur jobbtryggleik speler inn

Nokre linjer merkar seg særleg ut med svært stor pågang. Til dømes har 99 søkt på ambulansefag, medan skulen berre har 15 plassar. Anleggsteknikk, Barne- og ungdomsarbeidarfag, Helse og oppvekstfag, samt Salg, service og sikkerhet er andre tilbod som opplever auke i søkjartalet.

– Kan ein ut frå søkjartala seia noko om tendensar i arbeidslivet?

– Det me ser er at elevane søkjer etter trygge yrke. At anleggsteknikk har så gode tal, har såleis å gjera med den store veksten i bygging av ny infrastruktur i landet, seier Lassen.

Låg dropout tyder på trivnad

Når rektor vert spurt om årsakene til veksten skulen opplever, viser han til fleire tilhøve.

– At me har ei rekkje landsliner speler inn. Det tyder at me gjev landsdekkjande undervisingstilbod i enkelte fag, og får difor søkjarar frå heile landet, forklarer han.

Anleggsteknikk og yrkessjåfør er døme på slike tilbod.

Rektor viser også til at alt tyder på at elevane trivst ved skulen.

– Me har berre 3,6 prosent som sluttar hjå oss. Det tyder på at elevane trivst her, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

ol@osogfusa.no