Er på veg: Reserveferja. MF Lifjord, er no på veg for å erstatta MF Årdal på sambandet Hatvik — Venjaneset.

Reserveferja er på veg. Er i Husnesfjorden no

MF Årdal har sidan måndag kveld lege til kai ved Hatvik grunna tekniske problem. No er reserveferja på veg.

For kort tid sidan, reiste MF Lifjord frå Sunde. Ifølgje Marinetraffic.com, er destinasjonen sambandet Hatvik — Venjaneset.

Det har ikkje lukkast Os & Fusaposten å få tak i nokon i Fjord1 som kan opplysa om kva dei tekniske problema med MF Årdal går ut på, eller kva tid dei reknar med at det er drift i sambandet att.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Hatvik, der MF Årdal ligg, står ein tilsett ved Fjord1 og dirigerer trafikken.

— Kva tid var sist avgang?

— Det var frå Venjaneset måndag kveld klokka 22.50, fortel han.

Det er opplyst om at det kan ta tid før sambandet er i drift. No er i alle fall reserveferja på veg.