80-sona gjeld ikkje lenger på denne strekkja. I desember bestemte Statens vegvesen at fartsgrensa skulle endrast på ny. (Arkivfoto)
80-sona gjeld ikkje lenger på denne strekkja. I desember bestemte Statens vegvesen at fartsgrensa skulle endrast på ny. (Arkivfoto)

- Rett å prioritera trafikktryggleiken

I april skreiv Os og Fusaposten om feil fartsgrense på FV 122 i Fusa. Vegen som var dimensjonert for 60 kilometer i timen hadde plutseleg fått 80-sone. I desember vart fartsgrensa endra på ny.

Strekket som bilistane no vert nøydde til å sakka farta på, er frå avkøyringa til Skjørsand kai til Skåte. Her er det korkje fortau, vegskulder eller vegljos, og fartsgrensa på 80 kilometer i timen var i strid med det som gjekk fram av reguleringsplanen for FV122.

Det reagerte grannane sterkt på.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har heile tida fått opplyst at det vil bli 60-sone på strekkja, sa Ivar K. Skjønhaug til avisa i april.

Skjønhaug meinte at den nye fylkesvegen var langt farlegare for dei mjuke trafikantane enn den gamle.

- Den gamle vegen var i så dårleg stand at farten reduserte seg sjølv, påpeika han.

Ifølgje Statens vegvesen var to regelverk med ulikt utgangspunkt årsaka til at ein veg dimensjonert for 60 kilometer i timen, fekk fartsgrense på 80. Vegvesenet lova å sjå på saka på ny, og i byrjinga av desember kom vedtaket - og dei nye skilta.

- I samband med opprustinga av FV 122, vart det fastsett at generell fartsgrense utanfor tettbygd strøk (80 kilometer i timen) skulle gjelda på strekkja. Etter ny vurdering vert det no fastsett særskilt fartsgrense på strekkja, heiter det i vedtaket frå Statens vegvesen.

Den særskilte fartsgrensa er på 60 kilometer i timen.

I vedtaksbrevet går det fram at Hordaland politidistrikt ikkje hadde merknader til endringa i sin høyringsuttale, og at Fusa kommune meinte det var rett å prioritera trafikktryggleiken, og redusera fartsgrensa som føreslått.

- Vedtaket gjeld frå skilta og oppmerkinga er sett opp og avdekka. Vedtaket erstattar tidlegare vedtak for same vegstrekning, skriv vegvesenet.