To rettleiarar: Folkehelseinstituttet har saman med Utdanningsdirektoratet laga to smittevernrettleiarar for skulane, éin for barnetrinnet og éin for ungdomstrinnet og vidaregående skule.

Rettleiarane er klare - slik vert skulekvardagen når skulane opnar måndag

27. april opnar skulane og SFO for 1.- 4.trinn og nokre grupper for yrkesfagelevar. No er rettleiarane for smitteverntiltak klare. Slik blir skulekvardagen.

Folkehelseinstituttet har saman med Utdanningsdirektoratet laga to smittevernrettleiarar for skulane, éin for barnetrinnet og éin for ungdomstrinnet og vidaregåande skule. Rettleiarane har tre overordna føringar: Sjuke skal bli heime, det skal vera god hygiene og redusert fysisk kontakt.

Maks 15 elevar

Her er nokre av dei konkrete råda i rettleiarane:

Artikkelen held fram under annonsen.

- å sikra gode rutinar for handvask og sørgja for nok desinfiserande utstyr

- å organisera i mindre grupper, f.eks maks 15 elevar for 1.-4. trinn og 20 elevar for 5.-7. - å la elevane vera mykje ute i undervisninga og på SFO, og å unngå store samlingar

- å sørgja for at elevane har fast plass med god avstand

- å ha gode rutinar for måltid og begrensa deling av mat

- å ha ulike tidspunkt for friminutt, og hjelpa elevane til å halda avstand

- å begrensa deling av utstyr, og at utstyr som vert delt må vaskast godt

- å begrensa bruk av offentleg transport til og frå skulen så mykje som mogleg

Her kan du lesa rettleiarane i sin heilskap.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krevjande jobb

Frå førre veke kom tilsette i 1.-4.trinn på lista over viktige samfunnsfunksjonar for å handtera den pågåande koronasituasjonen.

– Lærarane og dei andre tilsette i skulen har stått ekstra på dei siste vekene. Deira innsats blir heilt avgjerande for at vi skal klara denne gjenopninga på ein god måte. Opninga kan bli utfordrande med både undervisning på skulen og heimeundervisning for elevar som ikkje kan koma på skulen av helsemessige grunnar, seier kunnskapsminister Guri Melby i ei pressemelding og held fram:

– Eg har forståing for at enkelte lærarar og andre tilsette i skulen er bekymra for å gå på jobb, men vi har vald ei mer forsiktig opning enn det ekspertgruppa og Helsedirektoratet tilrådde. Tiltaka i rettleiaren skal bidra til at opninga skjer på ein trygg og forsvarleg måte. Eg har stor tillit til at skulane har god dialog med foreldra no, slik at ein tar nødvendige omsyn til elevar i risikogrupper, dei som treng ekstra oppfølging og dei foreldra som er bekymra for å senda borna på skulen.

Gradvis opning

Regjeringen har ønskt ei gradvis og kontrollert opning, og dei yngste borna er prioriterte, ifølgje pressemeldinga, fordi heimeundervisninga har vore vanskeleg for dei.

– Også elevar i vidaregående som tek VG3 yrkesfagleg løp i skulen og yrkesfagelevar i VG2 er prioriterte, fordi elevane ikkje har utstyr heime til å få den praktiske opplæringa dei treng for å få fagbrev, heiter det i pressemeldinga.