Illustrasjonsfoto av raudrev.
Illustrasjonsfoto av raudrev.

Rev og revestrekar

Ein haltande rev og bråk på utestad i Os, er noko av det politiet har fått melding om i helga.

Fredag ettermiddag fekk Os lensmannskontor melding frå nokon som ikkje bur langt frå Nordmarka.

- Dei hadde sett ein rev i hagen, som var halt på eine beinet. Han forsvann ganske snart, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sette seg opp mot politiet

Fredags kveld var rolig, men laurdag kveld var det to episodar politiet måtte rykka ut på.

- Kvart over 12 natt til søndag fekk me melding om ein utagerande person som var til sjenanse for øvrig publikum på ein utestad i Os. Då me kom dit sette han seg opp mot politiet. Han vart køyrt til arresten og meldt for ordensforstyrring, seier Hadler-Olsen.

Litt seinare på natta fekk politiet melding om at ei dame i 20-åra køyrde i rusa tilstand i Os sentrum. Politiet kom til staden og tok dama med til legevakten for blodprøve.

Såg gnistar

Under uvêret natt til måndag førte til at eit tre bles overende langs Lepsøyvegen. Ein mann melde frå om at det hadde spruta gnistar frå ein høgspentleidning i nærleiken. BKK fekk melding om saka, og dei skal ha fiksa problemet i løpet av måndag føremiddag.