Ringnes kallar tilbake julebrus på glasflaske: – Beklagar på det sterkaste

Uoppdaga: – Forbrukarar skal ikkje vera bekymra for at dei kan ha drukke av ei skadd flaske utan at dette er oppdaga.

– Av omsyn til tryggleiken til forbrukarane våre har vi ikkje noko anna val.

Ringnes kallar tilbake julebrus og eplemost på glasflaske – mellom anna Dahls og Hamar & Lillehammer julebrus.

Det er avdekt skadar i flaskemunningen på nokre av glasflaskene. Derfor blir glasflasker med julebrus og eplemost kalla tilbake.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Av omsyn til tryggleiken til forbrukarane våre har vi ikkje noko anna val enn å kalla tilbake produkta som er tappa på denne flasketypen, seier kvalitetssjef i Ringnes, Anett Christensen.

Produkta dette gjeld er Dahls Julebrus, Dahls julebrus Lett, Hamar & Lillehammer julebrus, Hamar & Lillehammer julebrus Lett, Mozell Eplemost og Tou Eplemost.

Ifølgje Ringnes er skadane på flaskene synleg etter opning.

– Forbrukarar skal derfor ikkje vera bekymra for at dei kan ha drukke av ei skadd flaske utan at dette er oppdaga, seier Christensen.

Alle som har uopna flasker, kan levera dei tilbake. Ringnes seier at folk som vil sikra seg julebrus til jul, kan kjøpe boksar eller plastflasker.

– Å måtta trekkja tilbake glasflaskene er sjølvsagt veldig leitt og noko vi beklagar på det sterkaste. Men viktigare enn alt anna, er tryggleiken til forbrukarane, seier kommunikasjonssjef i Ringnes, Nicolay Bruusgaard.

– Vi veit at glasflaska står høgt hos mange, men kan garantera at innhaldet er det same om julebrusen kjem frå glasflaska eller dei andre formata, seier han.