Roleg helg i Fusa

Bortsett frå ein ungdom som trykte vel hardt på gasspedalen, har politiet i Fusa hatt ei roleg helg.

Mot slutten av vakta, natt til sundag, stogga politiet i Fusa ein ungdom som køyrte alt for fort.

Politiet fekk ikkje målt farta hans med laser, og kunne difor ikkje gjera anna enn å gje han ei kraftig åtvaring.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Han fekk beskjed om å køyra roleg frå no av. Elles har det vore ei veldig roleg helg, er meldinga frå Fusa lensmannskontor måndag morgon.