Rolls-Royce-bygget selt til Os Maskinering

Rolls-Royce Marine AS har selt fabrikkanlegget i Hagavik til Os Maskinering AS. Samtidig har dei to selskapa underskrive ein fornya leverandøravtale.

Jostein Halland

jostein@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opplyser selskapet i ei pressemelding.

- 20 personar som i dag er tilsett i produksjonen til Rolls-Royce får no tilbod om overføring til ny arbeidsgjevar. Rolls-Royce vil også leiga 47 kontorplassar av dei nye eigarane, samt ein mindre verkstad og lager, heiter det i pressemeldinga.

Rolls-Royce har i dag cirka 90 fast tilsette i Hagavik, i tillegg til seks lærlingar og 12 mellombelse tilsette.

Etter salet vil omtrent 60-70 personar halda fram å ha sin arbeidsstad i dei same lokala, anten som tilsett hos Rolls-Royce eller hos den nye arbeidsgjevaren Os Maskinering.

- Dette er ein viktig arbeidsplass i Os reint historisk, og vi er glade for å kunna vera med og vidareføra denne, seier Jan Mo, dagleg leiar i Os Maskinering, om oppkjøpet.

- Os Maskinering er eit firma i vekst og det er naturleg for oss å overta fasilitetane i Hagavik då dei gjev oss høve til å ekspandera, seier Mo.

Likevel trur han at dei neste to åra vil verta tøffe på grunn av dette løftet verksemda no gjer.

- Med 20 nye tilsette frå 1. januar 2016 blir det utfordrande, men me ser langsiktig på oppkjøpet. Me er nøgde med avtalen og det har vore ein ryddig og god prosess.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os Maskinering produserer mellom anna styredelar til offshore, subsea og shipping.

Overtek 1. januar

Os Maskinering skal i følgje pressemeldinga etter planen overta anlegget fra 1. januar 2016. Partane har avtalt ikkje å offentleggjera salssummen.

Rolls-Royce informerte fyrste gong i mai 2014 sine tilsette i Hagavik om eit forslag om å samla produksjonen av eitt av sine produkt, styremaskiner, til Brattvåg på Sunnmøre. Siden den gong har det pågått arbeid for "å finna best mogleg løysing for både ansatte og virksomheten".

- Eg vil gjerne få takka de tilsette og deira representantar for eit veldig godt samarbeid gjennom en vanskeleg periode. Det er tungt å måtta seia opp gode medarbeidarar, samtidig har mange stått på for å bidra til den løysinga vi no kan informera om, sier plassjef Charles Kvalvik i pressemeldinga.

- Eg er nøgd med utfallet sett i lys av meldinga som kom i fjor om at alt skulle flyttast og leggjast ned, seier Kvalvik til Os og Fusaposten.

Nøgd ordførar

Ordførar Terje Søviknes opplyser at kommunen har hatt løpande dialog med partane gjennom prosessen. Han er svært glad for at dei no har landa på ei lokal løysing med Os Maskinering som driv i same bransje.

- I tillegg er det sjølvagt svært gledeleg med ei slik løysing kontra det som fyrst vart antyda om flytting og nedlegging, seier Søviknes.