Gjer inntrykk: Det er tydeleg at Arne Bergsvik har gjort inntrykk på mange som bur i Strandvik. No har tre stamgjestar oppretta spleis for å samla inn pengar til restaurantdrivaren.

Rørt restauranteigar: Tre stamgjestar har starta innsamlingsaksjon

– Då vi las i Os & Fusaposten at Arne ikkje hadde råd til å ta ut løn, måtte vi gjera noko, fortel Katrine Årteig.

Førre veke fortalde Arne Bergsvik, som driv Handelslaget i Strandvik, at koronakrisa hadde sett djupe spor i verksemda. Han fekk ikkje nok pengar inn til at han kunna forsvara å løna seg sjølv – som einaste tilsette i verksemda.

– Viktig å støtta lokale verksemder

Laurdag oppretta tre stamgjestar frå Strandvik spleis der folk kan koma med bidrag som går til løn til Arne og drift av Handelslaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var Ingvill Raknes og døtrene hennar sin ide, så blei eg og Lars Einar Kleppe med, fortel Årteig.

Les også
Arne har ikkje råd til å løna seg sjølv: – Om ikkje situasjonen snart endrar seg, ser det mørkt ut

– Kvifor ønskjer de å samla inn pengar til Arne?

– Vi har lurt på korleis det går med han i koronakrisa, men så har ingen av oss heilt våga å spørja. Så kom reportasjen i Os & Fusaposten om at Arne ikkje hadde råd til å ta ut løn. Då måtte vi gjera noko, fortel Årteig.

Ingvill Raknes seier at det er viktig for dei å støtta dei lokale, små verksemdene – som gjerne er dei mest sårbare i desse tider.

– Arne betyr mykje for bygda, og han bidreg sterkt til samhald. På Handelslaget har folk ein møteplass. Arne er som person veldig omgjengeleg, romsleg og rett og slett ein herleg fyr.

Idyllisk: Då Os & Fusaposten vitja Handelslaget førre helg, viste Strandvikbygda og Handelslaget seg frå sin beste side.

Vil gjera det han kan for å takka skikkeleg

Det var tysdag at Arne sjølv blei gjort klar over kva dei tre stamkundane hadde sett i gang. Det kom som ei stor overrasking for han.

– Eg blei positivt overraska. Det er heilt fantastisk gjort. Eg må berre takka frå botn av hjarta. Eg visste ikkje kva eg skulle svara då dei sa det til meg. Samstundes må eg få seia at dette er litt rart for meg. Eg er ikkje van med dette. Det viser at dei bryr seg om Handelslaget og om meg, og det er eg veldig glad for, seier Bergsvik, som elles har nokre gode og dårlege nyhende sidan sist.

– Kona mi får ikkje reisa frå Argentina som planlagt, så vi må vera frå kvarandre endå lengre. Når ikkje ho kan hjelpa meg, må eg investera i nytt utstyr. For når eg ikkje har personell, må eg ha meir utstyr til lagring og oppbevaring av mat, fat, koppar og slikt. Då kan eg ta meg av oppvask etter at eg har stengd for dagen, seier Bergsvik og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det positive er at eg frå torsdag til søndag hadde veldig gode dagar. Omsetnaden var lik som heile den føregåande månaden totalt. Det blir spanande å sjå korleis det går gjennom sommaren. Om alt går bra, kan eg kanskje arrangera ein stor fest og gje litt tilbake og få seia takk til dei som hjelper meg i desse vanskelege tider, seier Bergsvik og smiler.

I skrivande stund har dei samla inn rett over 14.000 kroner.

– Innsamlinga varer i tre månader, og pengar vil bli gjort tilgjengeleg for Arne ved behov, fortel Årteig.