Brann: Naudetatane er på veg til Drangsneset.

Tre personar til sjukehus etter brann på Drangsneset

Dei tre skal ha pusta inn røyk.

Klokka 16.08 vart det meldt om brann i ei kjellarleilegheit på Drangsneset.

Brann, politi og ambulanse er på staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skal vera mykje røyk i husveret. Tre personar som bur der, er køyrde til Haukeland Universitetssjukehus då dei har fått røyk i seg.

I fylgje politiet på Twitter, skal det vera snakk om mogleg pipebrann.

Drangsneset: Det skal koma røyk frå ein einebustad i området.