Øving: Røykutviklinga på senteret viste seg å berre vera ei øving — heldigvis.

Røyk velta ut frå AMFI Os: — Vi er midt i ei brannøving

Senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide stod midt i øvinga då avisa tok kontakt torsdag formiddag.

— Brannvesenet har nett sagt at det er bra at så mange tilsette har gule vestar på seg. Då ser kundane kven dei kan ta kontakt med, seie Myhren Dalseide.

Det var fleire som reagerte då dei såg røykutvikling frå senteret torsdag formiddag. Det viste seg å berre vera ei øving.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Øvinga er godt varsla blant dei tilsette på førehand. Vi står midt i øvinga no. Der kjem den første sjukebilen, seier senterleiaren.

Evakuert: Senteret skal raskt ha blitt evakuert.

I senteret er det fleire som har særoppgåver i tilfelle ei brannutvikling. Desse skal ha fått skryt for måten dei handterte øvinga på.

— Senteret såg ut til å bli tømt på svært kort tid. Døme på ulike særoppgåver, er etasjevakter, brannvakter og så vidare. Det ser ut til at desse oppgåvene er godt gjennomførte. No skal brannvesenet finna ut kvar røyken kjem frå, seier senterleiaren, før ho går attende til øvinga.