På sjøen: Ein mann skal ha falle på sjøen to gonger i natt.

Rusa mann fall på sjøen to gonger — blei fiska opp av venane

I 03-tida natt til laurdag fekk politiet melding frå "bekymra vitne".

— Det var aktivitet i ein båt som låg til kai i Os hamn. Ein mann fall i sjøen to gonger. Begge gongene blei han redda opp av venane sine, fortel politibetjent Morten Haugland.

Politiet rykte ut. Dei kom til at mannen var rusa, men at han var i stand til å ta vare på seg sjølv.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Venane skulle også passa på han.

— Klarte han å halda seg på land resten av natta?

— Vi fekk ikkje fleire meldingar om at han hadde hamna på sjøen i alle fall.