(
(

Rydd strender - lever gratis til BIR

På gjenvinningsstasjonane til BIR kan ein henta gjennomsiktige sekkar, fylle dei med herrelaust avfall frå ein strand, og levera dei gratis på ein gjenvinningsstasjon.

BIR og Bergen og Omland friluftsråd skulle eigentleg ikkje ha ryddeaksjon på strendene før til våren. Førre veke måtte ein kval avlivast på Sotra. Kvalen hadde gjentekne gonger gått på land, og det blei gjort fleire forsøk på å få han ut på djupt vatn igjen. Men kvalen kom attende. Det blei til slutt bestemt at kvalen måtte avlivast, då han var sjuk og utsliten. Då kvalen blei opna, blei det funnen store mengde plast i han. I kjølvatnet av denne saka, ser BIR at dugnadsånden for å rydde strender er stor.

- Frå og med i dag kan overflateboss frå strandrydding leverast gratis til våre gjenvinningsstasjonar, så fremt det blir levert i BIRs gjennomsiktige dugnadssekker. Desse får ein utdelt på alle våre gjenvinningsstasjonar, skriv BIR på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

BIR OG BOFF forskotterer

Mette Nygård Havre, kommunikasjonssjef i BIR AS, seier at dei ser at dugnadsånden for å rydda strender er på plass nå.

- Mange ønskjer å bidra til å rydda plast og avfall i strandsonene. Då kan ikkje vi seia at folk må venta heilt til i mai. Både vi og BOF forskotterer difor pengene som vi er ganske sikker på at skal koma (BIR ventar på eit statleg tilskot som skal koma i mai journ.mrk.). Vi må sjølvsagt vera med og ta eit samfunnsansvar her, seier Nygård Havre.