Ryddeaksjonen i Fusa held fram

Etter ei vellukka aksjonshelg for å få bort plast frå strandsonen har fusingane fått blod på tann.

- Vi rakk ikkje over heile kommunen i løpet av to dagar, sjølv om mykje vart gjort. No held aksjonen fram. Konteinarane for oppsamling vert ståande til over komande helg, og Fusa kommune håper at ein då skal ha nådd over det aller meste, seier Erik Vangsnes i kommunen.

Han fortel at Eikelandsfjorden idrettslag skal ha ein runde på dei meir utilgjengelege strendene i Eikelandsosen laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei har fått låna båt hjå Bolaks og dei som ønskjer å vera med på dugnaden kan møta på gjestebrygga ved Fjord'n senter laurdag føremiddag. Hugs å ta med redningsvest, seier Vangsen.

Han legg til at fleire andre bygdelag er i gang med liknande dugnadar.

Det blir lagt ut nye forsyningar med plastsekkar for innsamling av plast ved aksjonskonteinarane på Vinnes, Holmefjord, Eikelandsosen og Baldersheim.

- Dette er ein aksjon der alle som vil kan engasjera seg til felles nytte og glede. Engasjementet er stort og det er kjekt å sjå at folk bryr seg om sitt eige nærmiljø. Vi treng mange flittige hender for å få rydda den lange strandlina, kommenterer Vangsnes.

Han kjem samstundes med ei oppmoding:

- Aksjonen må følgjast opp med jamlege ryddeaksjonar. Desse må vera godt organisert, grundigare og må ta for seg heile strandsonen. Om ikkje så gror strendene våre ned med plast!