Trafikkulukke: Klokka 16.55 kom det melding om ei trafikkulukke på E39 på Vallaheiane. Det skal vera ein del trafikale problem på staden.

Naudetatane rykte ut til trafikkulukke på Vallaheiane

Ein bil og ein lastebil skal ha kollidert.

Det går fram av ei melding frå Vest politidistrikt på Twitter.

– Ein del materielle skader, men ikkje meldt om personskadar. Ein del trafikale problem på staden, heiter det i meldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.