Har kontroll på brann
Meldinga kom måndag føremiddag.
Brannvesenet rykte måndag føremiddag ut etter melding om brann i ein inntakskabel i ein bustad i Skåtaklubben i Fusa.
– Vi er på veg og har éin bil framme. Me har òg rykt ut med vaktlag frå Eikelandsosen, fortel utrykkingsleiaren når me får tak i han på telefon på veg til Skåtaklubben.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me kjem attende når me har meir informasjon, fortalde utrykkingsleiaren då.
Ca kl 12.15 kom meldinga om at brannmannskap var i gang med sløkkinga og at dei hadde god kontroll.
Berre fire minutt seinare kom meldinga om at brann var sløkt.