Bjørnafjorden hotell: Like over midnatt gjekk brannalarmen på Hauge. Hotellgjestane vart straks evakuerte.

Alle gjestane evakuerte etter røykutvikling på kjøkenet til Bjørnafjorden Hotell

Ein person fekk helsehjelp etter å ha vore eksponert for røyk.

Eit kvarter over midnatt, natt til onsdag, fekk politiet melding om røykutvikling på kjøkenet til Bjørnafjorden hotell i Os.

110 og Vest politidistrikt melde på Twitter at det vart sett i verk evakuering av hotellgjestane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Meldar hadde observert røyk og varsla umiddelbart, fortel vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon onsdag føremiddag.

Både politi, brann og ambulanse rykte ut til staden. Dei kunne konstatera røykutvikling på kjøkenet, men ingen brann.

Hotellgjestane fekk straks returnera til romma sine.

– Mest sannsynleg kom røyken frå eit kjøkenapparat. Éin person vart sjekka av helse etter å ha blitt eksponert for røyken, men alt ok, seier vakthavande.

Det vert ikkje oppretta sak.