Fredag kveld: Fredag ca kl 22 fekk politiet melding om slagsmål på Osøyro

Rykte ut etter melding om slagsmål på Osøyro

Fekk melding fredag kveld.

Fredag ca kl 22 fekk politiet melding om slagsmål på Osøyro, med mykje støy og krangling.

– Ein god del menneske var tilstades. Det viste seg å ha vore ein konflikt mellom fire personar i følgje med ein 18-årsdag. Konflikten vart oppløyst på staden, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare same kveld, ca kl 18.30, fekk politiet melding om ein hjort som var påkøyrd i Hegglandsdalen, like ved Hegglandsvatnet.

– Han halta vidare med knekt fot og bilen fekk materielle skadar. Ettersøksringen vart varsla, fortel vakthavande.