Bilen er truleg totalskadd innvendig.
Bilen er truleg totalskadd innvendig.

Rykte ut til bilbrann på Nore Neset

Det var truleg ikkje så lurt å oppbevara fyrverkeri i bilen.

Ein bileigar i Skeismyra ringde brannvesenet litt etter klokka 17 i går ettermiddag etter at han kjende røyklukt frå stasjonsvogna på tunet.

Det låg fyrverkeri inne i bilen som tok fyr og brann opp.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då brannmannskapet kom til staden, var det heile sløkt. Likevel er bilen truleg totalskadd innvendig.

– Vi kontrollerte og heiv på litt vatn før vi vinsja vekk bilen, fortel vakthavande ved Os brannvesen, Martin Østgulen Svendsen.

– Vi kan ikkje konkludera med at fyrverkeriet var årsaka til brannen, men vi anbefaler ingen å ha slikt liggande i ein bil med mindre ein skal frakta det til og frå ein stad.

Søndag ettermiddag baud på temperaturar på over 30 grader i skuggen på Nore Neset.

– Slike dagar vert det vanvittig varmt inne i ein lukka bil, seier Svendsen.

Brannårsaka vert rutinemessig etterforska av politet.

anne-marie@osogfusa.no