Tysdag morgon: Tysdag i 05.30-tida blei det meldt om ein front mot front-kollisjon. (Illustrasjonsfoto)

Rykte ut til front mot front-ulukke

– Svært glatt på staden.

Tysdag i 05.30-tida blei det meldt om ein front mot front-kollisjon i Hagavik. Ifølgje politiet skal dei to bilane ha hatt låg fart, og det var svært glatt på staden.

– Det er store materielle skadar på bilane, men ingen har vore fastklemte, og det er ikkje meldt om personskade per no, opplyser politiet tysdag morgon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge bilførarane blei tatt med til legevakta for helsesjekk. Det var ein mann i 30-åra og ein mann i 60-åra som var førarar av bilane.