Plan- og bygningsutvalet var på synfaring hjå Jon Søvik. Heilt til venstre i biletet vil huset bli plassert. Det kvite huset i bakgrunnen høyrer til tunet.
Plan- og bygningsutvalet var på synfaring hjå Jon Søvik. Heilt til venstre i biletet vil huset bli plassert. Det kvite huset i bakgrunnen høyrer til tunet.

Sa ja til nytt hus ved Søviktunet

Politikarane snudde og sa ja til huset etter å ha sett kor grunneigaren vil plassera det.

Jon Søvik har søkt om å få byggja ein ny einebustad på LNF-område ikkje langt frå Søviktunet. Bustaden han søkte om var på 108 kvm i ein etasje. Administrasjonen og fylkeskommunen var både skeptiske pga. nærleiken til tunet i gamal vestnorsk stil. Tunet inneheld fleire historiske bygningar, der det eldste truleg er minst 600 år gamalt. Torsdag føremiddag var politikarane på staden for å sjå sjølve.

- Dagens plan må gjelda

Grunneigaren viste fram tomta han hadde sett ut i eine hjørnet av eigedommen, ikkje langt frå hans eige bustadhus. Avstanden til det verna tunet var relativt stor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kultursjef Lisbeth Axelsen la fram sitt syn, som gjekk ut på at ein må ta vare på kulturlandskapet. Ho hadde lagt fram at det bør leggjast omsynssoner rundt Søviktunet, og at det bør skje i samband med ei rullering av arealplanen.

Jon Søvik meinte på si side at det var rart av kommunen å prøva å seia nei ved å visa til ein framtidig arealplan med omsynssoner.

- Det må vera dagens plan som gjeld. Dessutan er ikkje Søviktunet eit tema her. Dette er ei fråskilt tomt. Problemstillinga her bør vera LNF-dispensasjonen, og så ferdig med det, sa Søvik.

Meinte det var unødvendig å venta

Espen Aspenes (Frp) sa at det ikkje var nokon grunn til at omsynssonene kulturmynde ønskte seg måtte venta på ein ny arealplan.

- Omsynssonene kan me vel leggja inn no, sa han.

Etter synfaringa utforma kultursjefen eit innspel der ho kom med dei vilkåra ho meinte måtte inn i vedtaket, dersom dei ville godkjenna det:

1. Bygget må underordna seg eksisterande kulturminneverdiar

2. Bygget må tilpassa seg materialbruk, vindauge- og dørutforming, detaljar og fargar på eksisterande bygningar

Artikkelen held fram under annonsen.

3. Arbeidsteikningar med detaljar må godkjennast av byggjesak

Forklarte snuoperasjonen

Då saka kom på agendaen i møtet, forklarte Espen Aspenes Frp sin posisjon i saka.

- Før me var på synfaring såg me for oss å gå i mot omsøkte tiltak. Men etter å ha vore der og sett på terrenget og avstanden til det historiske tunet, så har me snudd, sa Aspenes.

Han viste også til omsynssone-innspelet frå kulturmynde, og korleis dette kunne implementerast alt no.

Harald Døsen (Ap) og Tryggve Lillestøl (KrF) hadde også tvilt seg til å snu i saka.

- Det finst nokre ting som talar for at me bør avvisa det, blant anna at det er LNF-område. Men alt i alt har me landa på at Jon Søvik får byggja dette. Me ser også at naboen har fått byggja i om lag same avstand til tunet, sa Døsen.

Deretter var det votering. Vilkåra frå kulturmynde vart baka inn, og vedtaket vart samrøystes.