Politiet ber om tips etter ei utforkøyring i Strandvik i helga.
Politiet ber om tips etter ei utforkøyring i Strandvik i helga.

Såg du ein blå VW Polo i Strandvik laurdag?

Fusa-politiet ber publikum om hjelp etter ei utforkøyring i Strandvik.

Søndag morgon, like før klokka ni, fekk politiet melding om ein bil som hadde køyrt utfor vegen i Strandvik i nærleiken av Leigland Bygg.

Bilen, ein blå Volkswagen Polo, var tom og forlatt. Då politiet kom i kontakt med føraren, vart han teken med til legevakta for blodprøve. Mannen framstod fysisk uskadd.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mistanke om at han har køyrt i alkoholpåverka tilstand, seier politibetjent Kjartan Svendsen.

Bilføraren, ein mann i slutten av 40-åra, er av utanlandsk opphav, men heimehøyrande i kommunen.

– Dersom nokon har sett ein blå VW Polo i Strandvik i løpet av laurdagen eller natt til søndag, ta kontakt med politiet, seier Svendsen.

anne-marie@osogfusa.no