Fekk melding om mogleg påkøyrsel.

Såg eit dyr i vegen og høyrde eit dunk i bilen: Trur det var ein rev

Onsdag skal ein bilist ha sett eit brunt dyr i vegbanen, og høyrd eit dunk i bilen.

Politiet opplyser i ein e-post at det på Byvegen, ved krysset til Gymnasvegen, kan ha vore ein påkøyrsel av eit dyr.

Dette skal ha skjedd onsdag rett etter klokka 11.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det skal ha sprunge eit lite, brunt dyr ut i vegbanen. Meldar høyrde eit lite dunk i bilen. Det var fleire bilar som stoppa for å sjå etter dyret, men fann det ikkje. Meldar trur at det kanskje var ein rev, men såg ikkje kvar dyret tok vegen, skriv politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.