Desse bileta av svanefamilien er frå 31. mai i år, då dei framleis var ein lukkeleg familie med to vaksne og fem små. No ser det ut til at både ein unge og ein vaksen har måtta bøta med livet sidan den gongen.
Desse bileta av svanefamilien er frå 31. mai i år, då dei framleis var ein lukkeleg familie med to vaksne og fem små. No ser det ut til at både ein unge og ein vaksen har måtta bøta med livet sidan den gongen.

Saknar ein Fusa-svane

Svanefamilien i Fusa har dei siste vekene blitt observert med berre ein vaksen svane. Truleg ligg den andre død i Eikelandsosen.

Trude Kristiansdatter Helland meldte for nokre veker sidan den eine svaneforelderen sakna på Facebookgruppa "Kvardagsprat i Fusa". Sidan har fleire fusingar kommentert at dei også har merkt seg at ein av dei manglar.

Blant dei er Knut Brandal som bur på Koldal. Har ser rett ned dit svanene har halde seg mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan sjå ut for at restane ligg 20 meter vestom undergangen. Slik ser det ut når eg tek kikkerten, skriv han.

Ser fjør i kikkerten

Han har følgt med svanene i Fusa i fleire år. Svaneparet har i nokre år halde seg mykje i Eikelandsosen, Lundevika og ved Bergegrend. I år fekk dei fem små.

- Først merkte eg meg at ein unge forsvann, så fem blei til fire. Sidan hadde ein av dei vaksna også forsvunne, fortel Brandal på telefon til Os & Fusaposten.

Det har ikkje lukkast Os &Fusaposten å få kontakt med nokon som veit med sikkerheit kva som har skjedd med dei sakna svanene. Om nokon har meir informasjon vil Stavanger museum gjerne bli kontakta.
Det har ikkje lukkast Os &Fusaposten å få kontakt med nokon som veit med sikkerheit kva som har skjedd med dei sakna svanene. Om nokon har meir informasjon vil Stavanger museum gjerne bli kontakta.
Arild Breistøl er biolog ved Universitetet i Bergen, han er ikkje veldig bekymra for svaneungane som no lev vidare med ein forelder mindre, og trur familien kan koma tilbake til Fusa også neste år.
Arild Breistøl er biolog ved Universitetet i Bergen, han er ikkje veldig bekymra for svaneungane som no lev vidare med ein forelder mindre, og trur familien kan koma tilbake til Fusa også neste år.

Han oppdaga så det han trur er fjør etter ei svane i nærleiken av undergangen ved Torsneset.

- Eg har ikkje vore nede og kikka, men det kan sjå ut som fjør i kikkerten, fortel han.

Borte nokre veker

Han er usikker på når den eine svana forsvann, men trur det er kring to-tre veker sidan han sjølv blei merksam på at ein mangla.

- Eg har teke ein del bilete av dei, og det siste eg tok var i Bergegrend den 26. juli. Då var det begge dei vaksne pluss fire ungar. Eg kan ha sett dei i Eikelandsosen seinare, men eg er ikkje sikker.

Han kan fortelja at det er ei anna svane som også kjem til Fusa-området, som har vore åleine i fleire år. Den eine av dei to som utgjer svaneparet skal vera ringmerkt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eit år var det berre ei, men så kom dette paret. No får vi jo berre sjå, då, om nokon av dei kjem attende neste år, seier Brandal.

Lause hundar største trussel

Ekspertisen trur dei godt kan koma tilbake, for biolog og ornitolog ved Universitetet i Bergen, Arild Breistøl, kan fortelja at svaneungane truleg vil klara seg fint.

- Eg trur ungane er blitt ganske store no, så dei treng ikkje varme frå foreldra. Hos svanene og endene så er det slik at dei kan klara seg sjølve med å finna mat, men dei treng gjerne hjelp med å finna dei gode plassane.

Det ungane elles framleis treng hjelp til frå foreldra er å bli passa på mot rovdyr eller liknande.

- Lause hundar er den største trusselen når dei hekkar i nærleiken av folk, slik som her. Men ein forelder klarer nok å forsvara dei, meiner Breistøl.

Kan koma tilbake med ny partnar

Ornitologen er ikkje veldig uroa for resten av familien.

- Den første kneika er vinteren, men klarer dei den, er sjansen stor for at dei overlever vidare. Eg trur nok det vil gå fint når dei er så store som no.

I følgje Breistøl er det godt mogleg at svanefamilien finn vegen tilbake til Fusa-området også neste år.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då må den hannen eller hoa som no er att, finna seg ein ny partnar, det skal gå greit, det er mykje svaner i Hordaland no, seier han.

Knoppsvana har auka i tal, og ornitologen opplyser at det faktisk er flokkar med ungfugl som berre ventar på å få plass i gode område.

Finn den attlevande svana seg ny partnar og kjem tilbake, er det likevel mogleg at fusingane må visa tolmod før det kjem nye ungekull.

- Det er ikkje sikkert dei vil hekka første året, for foreldra må tilpassa seg kvarandre. Det kan gjerne sjå ut som dei byggjer rede, men så kjem der ikkje ungar.

Ønskjer informasjon

Breistøl fortel vidare at svanene normalt er veldig trufaste til éin partnar, og at lang "fartstid" saman gjer dei godt rusta til foreldreoppgåva. Men dei klarer fint å finna seg ny partnar om den eine fell frå.

- Kvart par lærer kvarandre godt å kjenna, og suksessen er nok høgare jo lengre dei har vore saman, slik som dei i Os, der Hamnesjefen har hatt same hoa i mange år.

Han meiner forøvrig det er svært truleg at svanefamilien i Fusa er av Hamnesjefens avkom.

- Vi er veldig interesserte i å få informasjon om den døde svana og gjerne dødsårsak om mogleg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om nokon har slik informasjon, kan den bringast til Stavanger museum eller til Breistøl sjølv, så vil han få gitt den vidare.

- Vi er spesielt interesserte når det gjeld ringmerkte individ, for då blir det knytta til eit individ vi kjenner. Men om det er den som ikkje er ringmerkt som er død, ønskjer vi likevel å få informasjon om den som framleis lever.