Søndag var tre bilar involverte i ei trafikkulukke på Voss. Blant dei involverte i ulukka, var to bjørnafjordingar. Illustrasjonsfoto.

Sambuarpar frå Bjørnafjorden involvert i trafikkulukke der to personar mista livet

Dei to skal ha kome frå ulukka med lettare skader.

Det var søndag formiddag i 10-tida at det oppstod ei trafikkulukke med tragisk utfall på E16 mellom Evanger og Voss ved Seimsvatnet.

To tyske statsborgarar som sat i éin av tre bilar som var involverte i ulukka, kom ikkje frå det med livet i behald. Kvinna var 53 år gammal og mannen 58 år. Deira påførande er varsla, melder politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dei to andre bilane, sat to sambuarpar. Eitt av desse er frå Bjørnafjorden. Dei to er i 60-70-åra, og skal ha kome frå ulukka med lettare skader.

Eit sambuarpar frå Alver kommune var også involvert i ulukka. Kvinna skal vera alvorleg skadd og mannen lettare skadd.

I ei pressemelding opplyser Vest politidistrikt at det er Voss politistasjon som etterforskar saka i samarbeid med blant andre Ulykkesgruppen til Statens vegvesen. Etterforskinga så langt, gjev politiet grunn til å tru at det er bilen med det tyske paret som har kome over i motsett køyrefelt og treft to andre bilar.