Samrøystes: Eit samrøyste kommunestyre gjekk måndag kveld inn for å forlenga dagens tiltak med 14 dagar - med ei viktig justering av fempersonarsregelen.

Utvidar korona-tiltaka med 14 dagar: Med éi viktig justering for besøk

Kommunestyret har handsama ei forlenging av dagens korona-forskrift. Mest spaning var det knytt til fempersonars-regelen.

Eit samrøystes kommunestyre gjekk måndag kveld inn for å forlenga dagens tiltak med 14 dagar - med ei viktig justering av fempersonarsregelen.

Her kan du lesa heile den nye forskrifta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Denne gongen tek vi betre vare på barn og unge, sårbare grupper, folk som må vera på jobb og psykisk helse.

Det vert no lov med besøk av to personar uavhengig av kor mange ein er i kjernefamilien. Er ein fire, fem eller fleire i kjernefamilien, kan ein uansett ha besøk av to.

Les også
I dag blir korona-forskriftene truleg forlenga: Frp varslar diskusjon om fempersonsregelen

Fleire av politikarane i kommunestyret poengterte at det var fempersonarsregelen som hadde vore mest drøfta blant sine, og både Frp og SV uttrykte at dei var innstilte på debatt kring denne, om det ikkje hadde kome forslag om ei endring.

– Men slik dette no er justert, med høve for å ha besøk av to - uavhengig av kor mange ein er i familien, så er me innstilte på å gå for forslaget som ligg i bordet, sa Terje Søviknes (Frp).

Asle Olsen (SV) lurte på om det var drøfta justeringar i retning av at ein husstand kan besøkja ein annan husstand, men understreka at han var nøgd med justeringa i forslaget, og at han ville røysta for forslaget.

Det kjem også ei presisering kring bruken av munnbind,

Tidlegare heitte det at på kollektivtrafikk og innandørs på offentleg stad skal munnbind/ansiktsmaske nyttast når ein ikkje kan halda kravet om avstand på 1 meter.

No er kravet om munnbind presisert til også å gjelda når det er fare for at avstandskravet på 1 meter ikkje kan overhaldast.