Laserkontroll: Måndag var det laserkontroll på Lepsøyvegen. Her frå ein kontroll UP hadde i Hegglandsdalen tidlegare i år.

Samtykte til førarkortbeslag, men så endra mannen meining

Éin person mista førarretten måndag formiddag då Utrykkingspolitiet (UP) hadde laserkontroll.

Måndag formiddag hadde UP laserkontroll på Lepsøyvegen. Ein mann i 20-åra mista førarkortet då han blei målt til 76 km/t i 50-sona.

— Han samtykte først til førarkortbeslag, men ombestemte seg. Det er ikkje ofte at dei som blir tatt ikkje samtykkjer, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det blei i tillegg til førarkortbeslaget, skrive ut eit forenkla førelegg til ein annan bilførar.