Leiaren og nestleiaren i Os Mannskor, Jan Terje Skutlaberg (t.v.) og Thore Lunde, er klare for ein ny korfestival i Os om eit par veker.
Leiaren og nestleiaren i Os Mannskor, Jan Terje Skutlaberg (t.v.) og Thore Lunde, er klare for ein ny korfestival i Os om eit par veker.

Satsar på ny korfestival i Os

- Me fekk såpass mange positive tilbakemeldingar etter korfestivalen for to år sidan, at me kastar oss ut i det igjen, seier formann i Os Mannskor og stemnegeneral, Jan Terje Skutlaberg, og PR-ansvarleg Thore Lunde.

Å arrangera ein korfestival krev mykje planlegging og mange dugnadstimar både for kormedlemmene i Os Mannskor, og for dei lojale og engasjerte konene deira.

I år har 24 kor meldt seg på til festivalen «Leve Sangen» ved Bjørnefjorden helga 20. til 22. mai. Det betyr at bygda får besøk av rundt 570 syngjande gjester. For to år sidan deltok 18 kor, i tillegg til arrangørkoret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fleste kora kjem frå Hordaland, men to kjem frå Sogn og Fjordane, og eitt frå Telemark. Os Mannskor bestemte seg nemleg for å invitera kor frå nabofylket i nord i år. Dei to songkora som kjem er Brekke Mannskor og Stårheim Songlag frå Eid i Nordfjord.

- Langesund Mandssangerforening (stifta i 1917) kjem heilt frå Telemark, og er eit kor me har hatt god kontakt med dei siste åra, etter å ha delteke på Shantyfestivalen dei arrangerer kvar sommar, fortel leiaren i Os Mannskor, Jan Terje Skutlaberg, under ei orientering på kontoret dei leiger i Os Næringspark.

Tettpakka program

Thore Lunde har teke på seg ansvaret for PR-biten og marknadsføringa av festivalen. Eit synleg resultat av arbeidet hans er det flotte programheftet i A5-format som går i trykken i desse dagar.

- Me har bestilt 1500 program, og her kan ein lesa alt om kvar og kor tid konsertane vert haldne, om kora som deltek, og mykje meir, seier Lunde.

- I tillegg til konsertane i Oseana og i Os kyrkje, har me i år utvida ramma ved å arrangera konsertar også i Nore Neset kyrkje og i AMFI kjøpesenter, legg Skutlaberg til.

- Kora vil få opptre to gonger kvar, men får berre syngja rundt ti minutt kvar gong. Me lyt ha ei stram ramme for konsertane når me har såpass mange kor med, seier Thore Lunde.

Den store festivalfesten vert halden i aktivitetshuset på Nore Neset laurdagskvelden.

- Medlemene av mannskoret og dei gode støttespelarane våre skal dekka bord til 360 påmelde koristar. Dette krev ein ekstra innsats av vertskapet både før og etter festen, fortel leiaren i koret.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brekke Mannskor og Songlaget Alvidt-Manger skal syngja i Os kyrkje sundag 22. mai, og etter gudstenesta vil leiaren i Os Mannskor stå for den offisiella avslutninga av korfestivalen.

Reknar med eit godt overskot

- Tenar de pengar på å arrangera ein korfestival som dette?

- Ja, elles hadde me ikkje gjort det, kjem det kjapt frå Skutlaberg.

Han fortel at dei hadde eit netto overskot på 130.000 kroner for to år sidan, og at dei reknar med å få inn rundt 100.000 kroner ekstra i år.

- Med alle dugnadstimane og arbeidet som ligg bak ein slik festival, vert det ikkje store timeløna, seier Lunde med eit smil.

Dei vonar begge at «Leve Sangen»-festivalen vil bli så populær at han kan bli ein fast tradisjon i bygda annakvart år.

Utfordrande logistikk

- Med 570 tilreisande koristar, vert det vel også ein del utfordringar med logistikken og organiseringa av stemnet. Korleis løyser de dette?

- Overnatting er sjølvsagt eit problem her i Os. Me skulle gjerne hatt ein ekstra overnattingsstad her, men no har me klart å finna ei løysing på det, fortel dei to mannskorleiarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har fått til eit godt samarbeid med Solstrand Hotel & Bad, der 60-70 koristar skal bu. Eitt kor har fått plass på Scandic Hotel på Kokstad, men det beste overnattingsskupet klarte Olav Solberg å hala i land, seier Skutlaberg, og gliser lurt.

Skupet dei snakkar om er eit samarbeid med Sjøforsvaret om å leiga rom for 60-70 personar i Ulven leir. Her vil dei lokale mannskor-kånene stilla opp og re opp senger, medan folk frå Håkonsvern vil servera frukost til gjestene.

- Me lyt få skryta av den positive innstillinga og samarbeidet me har hatt med folk frå kommunen, brannvesenet og politiet under planlegginga av festivalen, avsluttar Jan Terje Skutlaberg.

Brannvesenet vil stilla med sin nye, flotte lift slik at dirigenten får full oversikt når han skal dirigera kora etter oppmarsjen gjennom Osøyro laurdag føremiddag.