Ein sau og eit lam i Håvikdalen vart sist helg biten til daude. Meldarar trur dei er biten av ein hund. (Illustrasjons
Ein sau og eit lam i Håvikdalen vart sist helg biten til daude. Meldarar trur dei er biten av ein hund. (Illustrasjons

Sau og lam biten ihel

Ein sau og eit lam vart sist helg biten til daude i Håvikdalen i Fusa. Eigarane mistenkjer at lause hundar har vore på ferde.

- Etter det me kjenner til er det ikkje Ulv i området, så både eigar og me på lensmannskontoret mistenkjer nok her at det har vore lause hundar på ferde, seier Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskontor.

Han legg til at slike ting av og til hender, men at det er ein stund sidan sist dei fekk melding om dette i Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eiger har meldt saka og me ønskjer tips. Dersom nokon har sett lause hundar i området ber me dei ta kontakt med oss, seier Ivarhus.

Minner om bandtvang

Den erfarne politimannen i Fusa nyttar høvet til å minna om at det er bandtvang på hundar i Fusa kommune frå 1. april til 31. oktober kvart år.

- Det gjeld overalt i kommunen. I denne perioden må folk som har hund ha band, eller ha hundane forsvarleg inngjerda på eigna området, seier Ivarhus.

Han minner også om at det elles i året er bandtvang når ein har med seg hund på offentleg område.