Seks nye smitta: Frå 14. til 19. juli rapporterer Bjørnafjorden kommune om seks nye koronatilfelle.

Seks nye smittetilfelle den siste veka

Bjørnafjorden kommune melder om at seks personar har fått påvist Covid-19 frå 14. til 19. juli.

Ifølgje ei pressemelding som vart lagt ut på kommunen si nettside tidlegare i dag, har det vore relativt få smittetilfelle av Covid-19 i Bjørnafjorden i sommar.

14. juli fekk ei ung dame og ei jente i barneskulealder påvist smitte.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei to er ikkje i relasjon til kvarandre. Vi meiner å ha kontroll på smittevegen i begge desse tilfella, seier fungerande kommuneoverlege, Bjørn Petter Aasheim Johannesen i pressemeldinga.

16. juli blei det påvist smitte hjå tre nye personar. Ein mann, ei kvinne og ein gut. Alle er i familie med jenta i barneskulealder.

– Alle nærkontaktar har blitt testa og vi har ikkje fått positive testresultat tilbake, opplyser kommunen.

19. juli fekk ein mann påvist korona. Mannen var allereie i karantene, og smittevegen er kjent.

– Vi har med andre ord kjent smitteveg i alle desse tilfella, og det er difor inga grunn til uro. Eg meiner vi har god oversikt, påpeikar Johannesen.