Trafikkuhell: Uhellet skjedde i Åsen onsdag morgon.

Semitrailer i grøfta i Åsen

Fekk melding om uhellet litt før klokka halv ni.

Klokka 08.20 sist onsdag fekk politiet melding om ein semitrailer som hadde køyrt utanfor vegen og i grøfta i Lyseklostervegen, nærare bestemt Åsen.

– Politiet er på staden. Passering for bilar, heitte det i meldinga som Vest politidistrikt la ut på X.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare kunne ein lesa at politiet hadde vore i kontakt med sjåføren, og at han fortalde at han skal ha prøvd å rygga inn på ein sideveg.

– Føraren tok med seg eit postkassestativ i forsøket, og hengjaren sette seg fast.

Det var ingen trafikale problem i området, og ingen vart skadd i uhellet. Men traileren fekk seg ein trøkk. Bilberging vart bestilt.