Ungdomsgjeng: Politiet valde å dirigera ein patrulje frå Bergen sør til Søre Neset.

Sende politipatrulje frå Bergen til «ring på spring» på Søre Neset

Gav beskjed om at det er eit gjentakande problem.

I 21-tida søndag kveld fekk politiet melding om «ring på spring» i Søre Neset-området.

Samtidig fekk dei beskjed frå innringaren om at dette er eit gjentakande problem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein patrulje frå Bergen sør vart send til staden og vart sett i kontakt med ein ungdomsgjeng der nokre av ungdomane vert mistenkte for å ha utført handlinga.

Forholdet blir handtert i «det førebyggande sporet» av politiet, men det kan henda politiet får inn ei melding i ettertid.