Ser etter mann: Politiet ser no etter mann i 50-åra, «skalla, kraftig bygd, mogleg iført grå genser eller brun jakke, jeans». Det opplyser politiet på Twitter søndag kveld.

Gjekk ut med etterlysing etter ulukke på E39

Ein person stakk frå staden etter ulukke på E39 på Moberg søndag.

Politiet ser no etter mann i 50-åra, «skalla, kraftig bygd, mogleg iført grå genser eller brun jakke, jeans». Det opplyser politiet på Twitter søndag kveld.

Les også
Har kontroll på mannen som stakk av frå ulukke

Ulukka skjedde på Moberg. To bilar var involverte. Brannvesenet melder om store materielle skader.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein person vart køyrd til legevakta for nærare undersøking. Ein person er frakta til sjukehus.

E39 var stengd etter ulukka.

Førar av den eine bilen stakk av etter ulukka. Ved observasjon av mannen, vert publikum oppmoda om å ta kontakt med politiet på 02800.