Ser ingen grunn til å slå seg saman med Os

- Eg kan ikkje med handa på hjarta seia at me får betre tenester i Fusa dersom me slår oss saman med Os og Tysnes. For meg verkar heile prosessen som eit hardkøyr utan kvalitetssikring, seier Bjarte Samnøy (KrF).

Manglande konsekvensanalyse i saksutgreiinga er ei av årsakene til KrF sitt standpunkt i saka. Og av den grunn er KrF-politikaren villig til å seia nei til ei eventuell samanslåing.

- Erfaringa mi er at når ein skal effektivisera og laga større einingar, så vert lokaldemokratiet svekka. Eg hadde venta at Os skulle seia noko meir om kva kommunen kan bidra med for å sikra utviklinga i Fusa. Slik prosessen har vore fram til no, vil eg ikkje rå fusingane til å seia ja, seier Samnøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Som KrF-politikar er han oppteken av levande bygdesamfunn. Samnøy er uroa for at sentraliseringa skal setja ein stoppar for det, og peikar på at Fusa alltid kjem til å vera veslebror i ein konstellasjon med Os.

Vidare seier KrF-politikaren at han er redd for at fusingane skal verta overkøyrde i saker som er viktige for kommunen.

På den andre sida fortel Samnøy at han i utgangspunktet har vore villig til å seia ja til ei samanslåing, men at det då må skje på visse vilkår.

- Per no ser eg ingen grunn til at vi skal slå oss i saman med Os. Intensjonsavtalen er ikkje juridisk bindande, understrekar han.

- Treng meir tid

Samnøy vedgår at det nye inntektssystemet er bekymringsfullt, men viser samstundes til at dersom kommunen hadde slege seg saman med Os, så hadde inntektene frå eigedomsskatten vorte borte.

- Det er sjølvsagt ikkje nokon ønskesituasjon å mista 3,1 mill. kroner i statstilskot, men når alt kjem til alt, er det ikkje sikkert vi tapar så mykje, meiner KrF-politikaren.

Han har til liks med Ap og Sp ei von om at det skal verta regjeringsskifte ved neste Stortingsval, og at inntektssystemet då skal verta revidert.

- Eg er utruleg skuffa over kommunalminister Jan Tore Sanner. Å gjennomføra ein så omfattande prosess som ei kommunereform kort tid etter eit kommuneval fungerer dårleg. Eg vart valt inn i kommunestyret i fjor haust, og å få denne saka på toppen av alt det andre, gjer at resultatet minner mest om hastverksarbeid. Hadde vi fått to år til på oss, så trur eg at sjansane for å lukkast hadde vore langt større, seier Samnøy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Avventar møtet

Ut frå geografi meiner Samnøy at Fusa hadde hatt betre nytte av å slå seg saman med Samnanger, Tysnes, deler av Kvam og deler av Kvinnherad. Om Fusa kan klara seg åleine i framtida, vil tida visa, ifølgje KrF-politikaren.

- Fusa ville ha vore i eit klart mindretal i eit kommunestyre med Os og Tysnes. Det må vera lov å setja foten ned og seia nei. Vår oppgåve er å ivareta interessene til fusingane, påpeikar han.

Sjølv om KrF-politikaren er samd med ordførar Atle Kvåle (Ap) sitt resonnement i kommunereformsaka, er Samnøy skuffa over ordføraren sitt utspel onsdag kveld.

- Ordføraren burde ha gjeve styringsgruppa, som skal ha møte fredag morgon, høve til å konkludera, understrekar han.

Det same meiner Svein Lang (Sp). Sp-politikaren ønskjer ikkje å kommentera saka før møtet i dag tidleg.

- Eg ser at ordføraren har gått ut med informasjon alt no. Det tek eg til etterretning, men Sp kjem ikkje til å drøfta dette før på møtet fredag morgon, seier Lang og legg til:

- Reint prosessuelt er det naturleg å leggja fram synspunkta våre, og den konklusjonen vi kom fram til på gruppemøtet onsdag, i møtet i styringsgruppa, og ikkje i avisspaltene.