Etter eitt år som leiar i Os Røde Kors Hjelpekorps, er Atle Vågstøl glad for å kunna konstatera at medlemstalet går rett veg.
Etter eitt år som leiar i Os Røde Kors Hjelpekorps, er Atle Vågstøl glad for å kunna konstatera at medlemstalet går rett veg.

Ser ljoset i horisonten

Medlemstalet til Os Røde Kors Hjelpekorps aukar på, og framtida ser ljos ut for den frivillige organisajsonen. For berre få år sidan var det to-tre eldsjeler som heldt liv i laget. Til sommaren kan talet ha auka til 30 personar godkjente for søk og redningsaksjonar.

- Saman er vi sterkare. Eigentleg kan vi aldri bli for mange medlemmer. Det er berre opp til oss som sit i leiinga og ta i mot dei nye på ein god og inkluderande måte, seier hjelpekorpsleiar Atle Vågstøl og held fram:

- Det å vera del av hjelpekorpset, er litt som å vera i militæret. Mykje tid går med til venting og øving. Vi veit ikkje kva tid det blir alvor av det vi øver på. Det beste verktøyet vårt er folk som er motiverte og godt førebudde når ulukka er ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

15 personar klare for kurs

I skrivande stund tel hjelpekorpset tolv personar som er godkjende for søk og redningsaksjonar. Det talet håpar hjelpekorpsleiaren vil auka til nærare 30 til sommaren. I februar startar ei gruppe på 15 personar på førstehjelpskurs. Dette er eitt av tre kurs dei må gjennom før dei kan verta godkjende.

- Førstehjelpskurset som gruppa startar på i februar, er på 33 timar. Så skal dei i mars gjennom samband-kurs som går på naudnett og bruk av det. Til sist må dei gjennomføra eit kurs i søk og redning. Der vil dei få prøva seg teoretisk og i praksis, og læra seg korleis ein søkjer i terrenget, seier Vågstøl.

Nådde eit botnpunkt

Det er om lag eitt år sidan Vågstøl blei leiar i hjelpekorpset. Han har bakgrunn får ei anna grein i Røde Kors, nemleg beredskapsgruppa.

- Eg har vore i beredskapsgruppa i ein del år. Då eg blei halvpensjonist, sa eg meg villig til å ta i eit tak for å få hjelpekorpset opp i eit "høgare turtal", seier Vågstøl.

Medlemstalet i den frivillige organisasjonen har gått i bølgjedalar, men for berre få år sidan, nådde hjelpekorpset eit botnpunkt.

- Det var berre nokre få personar som var limet som heldt det i gong. Det blei sett i gang med kursing, og jobba for å rekruttera. Nokre fleire er komne til, og vi er no fleire som dreg lasset, seier Vågstøl.

I og med at han berre har vore leiar i eitt år, er det vanskeleg for Vågstøl å peika på årsaka til at det har blitt vanskelegare å rekruttera med åra.

- Det som kan ha verka inn, er at Røde Kors mista ambulansetenesta for vel ti år sidan. Helse Bergen tok over tenesta. Det var ikkje heldig, då mange såg på hjelpekorpset som ein rekrutteringsarena for det å starta i ambulansetenesta. Dermed var det bra tilstrøyming til oss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsvaret skrudde opp leiga

Hjelpekorpset hadde også påskevakt på Mjølfjell tidlegare, men plutseleg skulle Forsvaret ha høg husleige for anlegget som hjelpekorpset brukte i påska. Dermed fall påsketenesta ut, og det blei gjerne litt mindre interessant for nokre å vera med. Eg har ikkje heile historia. Eg hoppa i alle fall på for å vera med og dra korpset opp att, seier Vågstøl og smiler.

Det var åtte frivillige godkjente for søk og redningsaksjonar då Vågstøl tok over som leiar. Det har sidan vore nokre fråfall, grunna folk som har flytta vekk, men samstundes har dei klart å rekruttera såpass at talet har stige til tolv i løpet av dei siste tolv månadene.

Samarbeid med andre frivillige organisasjonar

Fallulukkar i fjellet, og andre som får helseproblem ute i terrenget, er oppgåver som hjelpekorpset i Os er kapable til å handtera på eiga hand. Når det kjem til sakna personer, og større søksoppgåver, blir det sett i gang eit større apparat.

- Om nokon ikkje returnerer til avtalt tid, eller blir borte i lang tid og ikkje gjev lyd frå seg, blir det gjerne sett i gong ettersøkingsaksjon. Politiet får første meldinga. Ser dei at dette kan vera alvorleg, så hentar dei inn hjelp frå Norske Redningshunder, Røde Kors og Norsk Folkehjelp. Då møter vi opp og har vår måte å organisera oss på. Leiarane går saman med politiet og legg planen for søkinga, seier Vågstøl.

I slike tilfelle kan ein aldri ha for mange folk å ta av.

- Dette er hendingar som kan gå over fleire dagar. Då treng vi mange som er ute i feltet og søkjer. Samstundes skal ein ikkje gløyma at dette er frivillige folk som har arbeid å gå til og gjerne familiar. Ingen er pålagt å stilla, og vi er nøydde for å kunna rullera slik at dei som har vore ute og leita, kan få kvila. Difor er det viktig at vi har mange å ta av, seier Vågstøl.

Tolketeneste med stor språkkunnskap

I Røde Kors Os treng ein ikkje berre frivillige i hjelpekorpset. Det er også andre greiner, der frivillige har ulike oppgåver som kjem samfunnet til gode.

- Vi har beredskapsvakta som stiller opp og gjer ein del oppgåver for kommunen når det til dømes kjem ekstremvêr. Vi har tolketenesta. Dette er ikkje profesjonelle tolkar, men organisasjonen har knytt band til personar med ulik språkkunnskap. Eg trur det på nåverande tidspunkt er menneske som snakkar 14 ulike språk i tillegg til norsk. Det er også ei gruppe som jobbar med å verva blodgjevarar. Vi har også Åpne Grenser, som jobbar for integrering av flyktningar og invandrarar, i tillegg til Besøkstjenesten - ei gruppe som vitjar folk i bygda som ikkje har så lett for å koma seg ut for å treffa andre. Og ikkje minst Barnas Røde Kors, seier Vågstøl.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vil starta ungdomsgruppe

Sistnemnde er ei aktiv gruppe i Røde Kors. Noko ungdomsgruppe har dei ikkje per no, men dette blir jobba med.

- Tidlegare hadde vi noko som blei kalla Ungdommens Røde Kors. Det blir jobba med å starta ei ny gruppe for ungdom, som blir kalla RØFF (Røde Kors Friluft og Førstehjelp journ.mrk.). Lokalforeininga har sett av pengar til å starta ei slik gruppe. Det har stranda litt på å finna leiarar, så det jobbar vi med, seier Vågstøl.

Ei slik gruppe vil vera ein god rekrutteringsarena for mellom anna hjelpekorpset, fortel Vågstøl.

- Det er også eit godt tilbod til ungdom, som ønskjer å driva med noko anna enn dei tradisjonelle aktivitetane som fotball og handball, seier Vågstøl.

Skal vera sosialt

For det er nemleg ikkje slik at ein berre samlast om det skjer noko. Hjelpekorset til dømes, har samling ein gong i veka.

- Det varierer kva vi gjer. Alt frå å øva på hjarta og lunge-redning, til å vera ute og trena på kart og kompass, seier Vågstøl og held fram:

- Det skal ikkje berre vera det slitet med å gå ute i timevis og driva søk og redning i drittvêr. Det skal vera sosialt også. Vi jobbar difor for å rekruttera likesinna menneske, ikkje minst i rett alder, gjerne yngre enn meg. Der føler eg at vi er på god veg, seier Vågstøl, som gler seg stort over positiviteten kring hjelpekorpset i desse dagar.

Måndag fekk dei ei gåve frå Fløysand Invest. Det var ein ATV med tilhengjar, som kjem godt med i redningsarbeidet i kommunen. Ikkje minst er han godt nøgd med å sjå at medlemstalet aukar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Sjølvsagt gler det meg. Det er dette vi har jobba for i lang tid, og framleis jobbar med. Eg håpar at endå fleire synest at det er spanande å kunna bidra i hjelpekorpset spesielt, som eg brenn for, men vi treng frivillige i alle delar av organisasjonen.