Desse 15 SFO-elevane laga sirkus i Fusa Samfunnshus onsdag kveld. Som ein kan sjå, fekk publikum helsa på mange ulike karakterer.
Desse 15 SFO-elevane laga sirkus i Fusa Samfunnshus onsdag kveld. Som ein kan sjå, fekk publikum helsa på mange ulike karakterer.

SFO-elevar arrangerte sirkus

I to månader har dei øvd – i kveld fekk borna på Fusa skule sin SFO visa fram sirkuset sitt for publikum.

– Vi har prosjekt kvart år. I år har borna valt å laga sirkus. Dei har laga heile opplegget sjølve, fortel SFO-leiar, Linda Ann Lohne.

Mange i elden

I sirkuset fekk publikum helsa på sirkusdirektøren og trompetisten, dyretemmaren og alle dyra hennar, klovnar, skyteglade cowboyar, ein turnar og ein tryllekunstnar. Dei hadde også laga til utlodding med flotte gevinstar til publikum. Etter framsyninga var det middagsservering til dei som var svoltne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var mange som deltok i framsyninga. Lohne hjelpte dei 15 elevane i alderen 6–8 år med å halda tråden i det heile og elevane gjennomførte sine oppgåver med bravur.