Midt i vegbanen: Natt til laurdag fekk politiet i Os melding om ein mann som gjekk midt i vegbanen i Mobergsbakken.

– Sint mann gjekk midt i vegbanen og slo etter bilar

Politiet fekk melding om mannen klokka 01.15.

Hendinga skal ifølgje politiloggen ha funne stad i Mobergsbakken på Os natt til laurdag.

– Mannen gjekk midt i vegbanen, og vart skildra som sint. Han slo etter bilar og prøvde å stansa dei, opplyser vakthavande betjent ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post til Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet leitte etter vedkomande, men han var borte frå staden før politiet kom.

Avskilta bil

Kring midnatt fekk politiet melding om ein alarm frå eit industribygg i Industrivegen. Denne viste seg å vera feilutløyst, og det var ikkje trong for politi på staden.

På dagtid fredag vart ein bil avskilta nord for Os sentrum. Bilen hadde ikkje vore på EU-kontroll.