God som gull: Kveldens bronsemedalje kronar eit krevande år for osingen.

Sist veke hadde han korona. I kveld tok han VM-bronse.

Nok ein gang har Sverre Lunde Pedersen krona motgang med siger.

Superreserve Sverre Lunde Pedersen tok sin 11. VM-medalje fredag kveld.

Saman med Peder Kongshaug og Allan Dahl Johansson gjekk han inn til bronse på lagtempo i VM i Herenveen.

Artikkelen held fram under annonsen.

BT skriv at det lenge såg ut til å ikkje bli medalje på Lunde Pedersen og Norge, men eit fall seint i USAs løp, gjorde at det vart bronsemedalje på det norske laget med tida 3.40,93.

Les også
Ladar opp til det som kan bli ein skikkeleg gullkveld

Fjoråret var blytungt for Sverre, og i fjor haust tvilte han for første gong i karrieren på eigen motivasjon og svolt til å halda fram.

Svaret var å hoppa av V-cup-sirkuset for å byggja opp igjen forma ved å trena åleine og vera i lag med familien.

Det ser ut til å ha virka.

For trass korona-sjukdom sist veke, har han gjort all tvil til skamme etter å ha kome inn som superreserve etter at lagkompis Sander Eitrem vart sjuk.

Les også
Vart koronasjuk: — Eg har tre dagar til på meg. Eg skal gå det løpet

Torsdag kveld gjekk han inn til 7. plass på 5.000 meter, og vart beste nordmann.

I kveld krona han sesongen med ein bronsemedalje god som gull.