Slik såg det ut langs fylkesveg 122, før arbeidet med å utbetra vegen tok til. (Arkiv
Slik såg det ut langs fylkesveg 122, før arbeidet med å utbetra vegen tok til. (Arkiv

Siste puss på vegen

I mars i fjor var dei store grantrea i alleen på FV 122 i Fusa historie. I desember skal den nye vegen mellom Skjørsand og Skåte vera ferdig.

- 1. desember er planen, og det ser ut som det går greitt. Det vil truleg vera att litt småting her og og der, men hovudarbeidet skal vera ferdig innan 1. desember, seier anleggsleiar i Vestafjell AS, Rune Bruvik.

Hovudentreprenør på vegprosjektet har vore Vestafjell AS.

Artikkelen held fram under annonsen.

6,5 meter brei

Arbeidet starta i februar i fjor. I tillegg til utbetringane av vegen, er det lagt ny vassleidning, samt straum- og telegrøfter langs heile strekkja.

Tidlegare var det berre plass til éin bil i breidda på delar av strekkja. No vert vegen 6,5 meter brei.

- Det vert to felt, men inga midtstripe. Statens vegvesen stiller endå strengare krav til vegar med gul stripe, forklarer Bruvik.

- Bilane passerer kvarandre greitt langs heile vegen, legg annleggsleiaren til.

Få klagar

Ifølgje Bruvik har arbeidet langs FV 122 stort sett gått etter planen.

- Det har ikkje vore store utfordringar undervegs, fortel han.

Stenging av vegen har det òg vore lite av, ifølgje anleggsleiaren.

- Trafikken har flote greitt forbi. Vi har ikkje fått så mange klagar. Når folk ser at det vert ny veg, har dei ofte meir tolmod enn til vanleg, seier Bruvik.