Ferske tal frå Finans Norge viser at det har vore ein auke i påkøyrsler mellom bil og dyr dei siste åra. (Illustrasjonsfoto)
Ferske tal frå Finans Norge viser at det har vore ein auke i påkøyrsler mellom bil og dyr dei siste åra. (Illustrasjonsfoto)

- Sjå opp for dyr

I 2015 kolliderte 15 billistar med dyr på vegane i Os og Fusa. Så langt i år har 14 hjort vorte påkøyrde berre i Fusa. No bed forsikringsbransjen bilførarar om å dempa farten - spesielt ved fullmåne.

Samanstøyt med store dyr som elg og hjort fører ofte til alvorlege personskadar, samt store materielle skader, spesielt når farten ligg kring 80 kilometer i timen. Høg fart gjer også at det er vanskelegare å oppdaga dyr som er på veg inn i vegbanen.

- Demp farten. Særskilt i grålysinga og skumringa, og på stader der det er vegetasjon nær vegen, opplyser kommunikasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Voll oppmodar òg folk til å vera spesialt varsame ved fullmåne.

- Dyra er meir aktive då, fortel han.

Straffbart å etterlata skadde dyr

Dei siste to åra har forsikringsbransjen betalt ut nær 1 mill. kroner i erstatning til bilførar i Os og Fusa som har kollidert med dyr. Talet det her er snakk om er knytt til materielle skadar. I tillegg kjem eventuelle personskadar.

Å få ein hjort gjennom frontruta kan resultera i stora skadar, både på bil og passasjerar.
Å få ein hjort gjennom frontruta kan resultera i stora skadar, både på bil og passasjerar.

Så langt i år (første halvår) syner ferske tal frå Finans Norge at det er rapportert om 18 skadar i dei to kommunane.

- Talet på kollisjonar med vilt går markant opp i oktober, og held seg høgt gjennom heile hausten og vinteren, opplyser Voll.

Dette har samanheng med mørke kveldar, samt jakt og sesongtrekk som resulterer i at dyra er meir i rørsle.

Å etterlata skadde dyr er straffbart. I pressemeldinga går det fram at bilførarar har plikt til å melda frå om påkøyrsler av dyr, anten det er husdyr eller vilt det er snakk om.

- Det er ingenting å tena på å ikkje melda frå. Du risikerer korkje bonustap på forsikringa eller krav om eigendel, opplyser Voll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt i Hordaland vart det registrert 1.911 skadar som følgje av påkøyrslar mellom bil og dyr dei to siste åra. Utbetalinga frå forsikringsbransjen var på i alt 38 mill. kroner.