Yrkessjåfør-elevane Morten Hellevik (ved rattet) og Martin Ivar Risøy Kristoffersen fekk prøva seg som bussjåførar for første gong onsdag. Lærar Harry Bjørkhaug rettleia dei gjennom bussturen frå skulen til Kysthospitalet og tilbake.
Yrkessjåfør-elevane Morten Hellevik (ved rattet) og Martin Ivar Risøy Kristoffersen fekk prøva seg som bussjåførar for første gong onsdag. Lærar Harry Bjørkhaug rettleia dei gjennom bussturen frå skulen til Kysthospitalet og tilbake.

Sjåfør-debut i ny buss til 2,5 millionar kroner

Morten Hellevik (19) sin første tur bak rattet på ein buss, var med Os vidaregåande skule sin flunkande nye buss til 2,5 millionar kroner.

– Det gjer det ekstra skummelt at bussen er ny, og kostar 2,5 millionar kroner, seier Hellevik.

Røynd lærar

I dag fekk både Hellevik og Martin Ivar Risøy Kristoffersen (24) prøva den nye bussen, og ingen av dei har køyrd buss før.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har køyrd bodbil. Det er det næraste eg har vore ein buss. Eg er spent, men eg prøver å la vera å kava meg opp, seier Risøy Kristoffersen.

Dei to var i trygge hender. Lærar ved yrkessjåførlina, Harry Bjørkhaug, har nemleg god erfaring – og ikkje minst ein pedal om det skulle oppstå farlege situasjonar. Frå kring 2000-talet fram til 2012 dreiv Bjørkhaug sitt eige busselskap samstundes som han hadde køyreskule for tyngre køyretøy. I 2011 starta han på Os vidaregåande skule.

– Etter at eg gjekk over til berre å vera lærar, blei det litt rolegare dagar. Det er nett fint, seier han.

Før turen tok til måtte dei gå over bussen og sjå at alt var som det skulle.
Før turen tok til måtte dei gå over bussen og sjå at alt var som det skulle.
Skulle farlege situasjonar oppstå, sit lærar Bjørkhaug klar med bremsa.
Skulle farlege situasjonar oppstå, sit lærar Bjørkhaug klar med bremsa.
Litt halloi må til før alvoret startar.
Litt halloi må til før alvoret startar.
Den nye lastebilen, av merket Mercedes, kostar 2,5 millionar kroner.
Den nye lastebilen, av merket Mercedes, kostar 2,5 millionar kroner.

Tek mykje plass

Før dei tok til på køyreturen måtte dei gå over heile bussen for å sjå at alt var som det skulle.

– Kva er den store skilnaden på å køyra buss og ein vanleg personbil?

– Bussen er minst tre gonger så lang som ein personbil. Avstanden mellom akslingane på bussen er lenger enn heile personbilen til saman. Bussen krev mykje plass i vegbanen, og ein må planleggja svingen lenge før ein kjem så langt, seier Bjørkhaug og legg til:

– Det er også store blindsoner når ein køyrer buss. Det er viktig å tenkja på, også for andre trafikantar – ikkje minst mjuke.

Lagar ikkje eksos

Den nye bussen, ein Mercedes, føyer seg inn i ein god bilpark på skulen. Frå før av har dei ein buss, fem vanlege lastebilar og ein semitrailer. Fire av lastebilane kan gjerast om til vogntog, og den femte kan byggjast om til ein semitrailer. Avdelingsleiar for transportlina, Bjørn Hagevik, er tydeleg nøgd med bussen. Han tok turen innom rett før Hellevik og Risøy Kristoffersen fekk sine første turar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Bussen er utstyrt med eit kamera til 100.000 kroner som overvaker alle køyreturane. Det er det same systemet som Tide har, seier Hagevik og legg til:

– Dette er ein Euro 6-buss. Det tyder at bussen ikkje lagar eksos i det heile. Lufta som kjem ut er reinare enn den som blir sogen inn, seier Hagevik.

Så godt som perfekt gjennomført

Hellevik var først ut bak rattet i dag. Han uttrykte på førehand at han var ganske så nervøs. Det kom ikkje til syne då han køyrde. Ruta gjekk frå Os vidaregåande ut til avkøyringa til Kysthospitalet og tilbake.

– Med tanke på alderen din og at det er første gong du køyrer buss, er eg kjempenøgd. Det gjekk over all forventing. Det einaste eg vil peika på, er farten inn mot busslommene. Du bør ha litt rolegare fart inn der. Farten kan koma etter 20 år med busskøyring. Det er betre og lettare å bli van med ting i sakte film, seier Bjørkhaug til Hellevik og smiler.

Nærast garantert jobb

Det er Hordaland fylkeskommune som kjøper inn bilane, og skulen som driftar dei. Bjørkhaug fortel at det er ein lang prosess frå dei kjem med ønske om bil, til han faktisk står på tunet.

– Denne bussen har vi jobba med i to år. Det er altså ikkje gjort i ei handvending. Vi plar starta planlegginga med nye bilar, så snart vi har fått inn nye bilar. Bussane har lengre levetid enn lastebilane. Den andre bussen er tolv år til sommaren. Lastebilane held i fem år, før vi skiftar dei. Lastebilane våre er frå 2013, så det kjem nye i august, seier Bjørkhaug.

Dei som held på med yrkessjåfør-utdanninga på Os vidaregåande no, er nærast sikra arbeid etter enda studietid.

– Vi prioriterer busslærlingar og bussjåførar på inntaka våre. Det er mangel på bussjåførar. Dei som er arbeidsledige kan også ta eit kurs på eit halvt år hjå oss, få sertifikatet og vera i arbeid på kort tid. Dei som går yrkessjåfør er nærast garantert jobb slik det er no, seier han.