Kontroll: Statens vegvesen har hyppige kontrollar i Os. Her frå ein kontroll i i Hjellemarka.

Sjåfør fekk gebyr på kr 11.900

Det tunge køyretøyet som torsdag vart kontrollert på Svegatjørn, var faktisk skikkeleg tungt.

Statens vegvesen kontrollerte tunge køyretøy på kontrollplassen ved E39 torsdag.

Eit gebyr svei skikkeleg, og var altså på like under 12.000 kroner. Årsaka var overlast.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her måtte føraren slanka lasten slik at han kom innanfor lovleg vekt før han fekk lov til å køyra vidare.

37 køyretøy vart sjekka opp i mot periodisk kontroll og forsikring. Ni køyretøy vart grundigare kontrollerte.

Det var spesielt fokus på dokument, køyre- og kviletid, dekk, kjetting og lastsikring.

Slik gjekk det:

Fem førarar vart kontrollerte for køyre- og kviletid. Éin av desse fekk eit gebyr på 1.000 kr og ei åtvaring for brot på reglementet.

I tillegg vart to firma sende til føretakskontroll for nærmare kontroll av firma.

Ein sjåfør fekk bruksforbod på sikt med bord i frontrute. Tre sjåførar fekk bruksforbod for lastsikring og éin fekk bruksforbod på tørr svingskive.

Ein varebil vart kontrollert og fekk ikkje lov til å køyra vidare før han hadde ordna forsikringa på bilen.

Ein buss vart kontrollert og fekk mangellapp for ikkje godkjent brannsløkkingsapparat.

Artikkelen held fram under annonsen.