Slik ser det interaktive kartet ut der ein kan gå inn og sjå oversikt over dei siste sala, prisutviklinga på dei aktuelle eigedomane og få oversikt over attraktive og mindre attraktive område.
Slik ser det interaktive kartet ut der ein kan gå inn og sjå oversikt over dei siste sala, prisutviklinga på dei aktuelle eigedomane og få oversikt over attraktive og mindre attraktive område.

Sjekk ut Os & Fusapostens nye eigedomsoversikt

På vår nye interaktive eigedomsside kan du fortløpande få med deg samtlege sal i våre to kommunar.

Denne veka lanserer Os & Fusaposten ei heilt ny nett-teneste for våre abonnentar. Tenesta erei eigedomsoversikt der ein fortløpande kan følgja alle kjøp og sal som vert gjort i Os og Fusa. Med vårt interaktive kart, kan ein også få god oversikt over nett kvar dei konkrete sala og kjøpa vert gjort.

Ledd i satsinga

For abonnentane våre er det også mogleg å gå inn og sjekka heile historikken til aktuelle salsobjekt ein følgjer med på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er eit ekslusivt tilbod til alle våre abonnentar som me vonar fell i smak og vert mykje brukt. Me veit at folk følgjer med på eigedomssal og liker å halda seg orienterte innan denne marknaden. No gjev me dei eit verkty som gjer det lettare å halda seg oppdatert, seier redaktør i Os og Fusaposten, Jostein Halland.

Han legg til at tilbodet er eit ledd i lokalavisas utvikling og satsing på digitale tenester.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no