Sjokka, men uskadd

Ein mann i slutten av 20-åra køyrde måndag kveld i ein lyktestolpe i Mobergsbakken. Han kom frå det utan skade.

Både politi, brannvesen og ambulanse kom til staden like etter kollisjonen i 20.30-tida måndag. Føraren av bilen kom frå det utan større skader.

- Ifølgje loggen var han lettare sjokka, men utan skader. Det er ikkje mistanke om promille, understrerker vakthavande ved politisentralen i Bergen, Frode Kolltveit.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulukka fann stad i Mobergsbakken, like ved nummer 60. Brannvesenet og politiet fekk kjapt rydda opp etter uhellet.

- Trafikken går no som normalt igjen, sa Kolltveit då Os og Fusaposten prata med han i 21.00-tida.