Nils-Anders Nøttseter (MDG) er samd med Espen Aspenes om at kommunevalet er eit ordførar- og styringsval. Men han er ikkje samd i at Terje Søviknes (Frp) er det beste alternativet som ordførar.
Nils-Anders Nøttseter (MDG) er samd med Espen Aspenes om at kommunevalet er eit ordførar- og styringsval. Men han er ikkje samd i at Terje Søviknes (Frp) er det beste alternativet som ordførar.

Sjølvsagt er det eit ordførar- og styringsval

Det er rett at mykje har gått bra i denne kommunen. Det meste som har gått bra har vore resultat av breitt og godt arbeid av heile kommunestyret, ofte samrøystes.

Espen Aspenes skriv i lokalavisa at valet som nye Bjørnafjorden kommune skal inn i, er eit ordførar- og styringsval. Det har han rett i, og det kjem eg tilbake til.

Aspenes meiner handlekraft-mottoet som FrP/H står for, har gjeve strålande resultat i Os kommune, og peikar på overskot og opparbeidde fond. Han veit også godt at gjeldsgraden i Os er langt høgare enn gjennomsnittet i Noreg, og at gjeldsgraden har auka kraftig i heile perioden FrP/H har leia kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordaland fylkeskommune har fått sterk kritikk for sin høge gjeldsgrad som for 2019 er budsjettert til 114 prosent. Os kommune har passert 130 prosent med god margin. Riksrevisjonen tilrår maks 75 prosent! Svaret vi normalt får om vi problematiserer dette er at kommunen klarer å betale alle avdrag på låna og at vi må bruke mykje pengar på investering når vi veks så fort. Uansett betyr det at vi må spare pengar på primærtenestene våre – det blir mindre pengar igjen til å drive skulane, barnehagane og omsorgstenestene.

Store eigarinteresser

Det er rett at mykje har gått bra i denne kommunen. Det meste som har gått bra har vore resultat av breitt og godt arbeid av heile kommunestyret, ofte samrøystes. Dei sakene der FrP/H har stått åleine og styrt med knapp fleirtalsvotering er i hovudsak dei som har vore mest splittande, som ny motorveg gjennom Øyane, riving av Fjellheim og vedtak om å ikkje bygga kjøken på Lurane.

Aspenes stiller sjølv til val for FrP og får ein prominent 3. plass med førehandskummulering. Han er ein kompetent kandidat, men eg håper han og FrP no ser at Aspenes ikkje bør få ny plass i plan- og bygningsutvalet. Han har svært store eigarinteresser i lokalt næringsliv og det er vanskeleg for oss andre politikarar å kjenne til korleis desse interessene er plasserte gjennom diverse næringsselskap. Eg har sjølv vore nøydd til å få Aspenes kasta ut av eit folkevald utval då han enda opp på begge sider av bordet samtidig (parkeringsutvalet), som politikar og næringsaktør, der det vart diskutert privat/offentleg samarbeid, kontraktsvilkår og reguleringsvilkår som ville ha tydeleg vinst for han sjølve.

Det er ikkje mi oppgåve eller rådmannen si oppgåve å halde orden på andre representantar si gildskap, det er representanten sjølv som skal halde orden på. Espen Aspenes har ikkje i tilstrekkeleg grad tatt det ansvaret.

Ansvaret for OHARA-smellen

Når det gjeld ordførar, har Aspenes rett i at eit lokalval i stor grad er eit ordførarval. Det er ikkje alle som veit at kommunen vår berre har éin einaste heiltidspolitikar. Vi har ein ordførar med millionløn, og resten av kommunestyret jobbar stort sett på dugnad i tillegg til full vanleg jobb.

Det er ikkje rart at Søviknes har leia gode prosessar i desse 20 åra, for det er han som har leia alle prosessane. Til dømes var det Søviknes som leia utbygging av Oseana, der nybygget braut arbeidsmiljølova, der ein mangla toalettfasilitetar og der byggekostnaden gjekk i taket.

Det er også Søviknes som har det øvste politiske ansvaret for OHARA som no straks rundar 500 millionar kroner i kostnad, milevis over det kommunestyret originalt vedtok i 2012. Desse pengane blir direkte vidarefakturerte til innbyggjarane som avgift, og interessant nok er denne avgiften for dei fleste innbyggjarane høgare enn eigedomsskatten som FrP har kritisert Fusa for.

Misbrukt makta si

Framstegspartiet har påstått at Søviknes er den beste ordføraren i Noreg i fleire år, og det har dei gjort utan grunngjeving. No veit vi at tilsette har varsla om politisk leiing i Os kommune i over 16 år, og vi har dokumentert at FrP/H har misbrukt makta si i plan- og bygningsutvalet – utvalet der Aspenes sjølv har ei prominent rolle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire kandidatar som er godt kompetente til å ta rolla som ordførar og heiltidspolitikar, og etter 20 år så er det ikkje Søviknes som er den beste kandidaten lenger.

Vi treng nye visjonar for framtida. Vi treng ansvarleg styring med mindre ekstravagant pengebruk. Vi må ta ansvar som arbeidsgjevar. Vi treng meir openheit, innsyn og betre beslutningsprosessar. Vi treng andre verdiar og anna styring. Bjørnafjorden skal ikkje verte Os versjon 2, det skal verte noko anna, og noko betre. Til det treng vi ein ny ordførar.

Nils-Anders Nøttseter,

ordførarkandidat, Miljøpartiet Dei Grøne, Bjørnafjorden 2019